Omtale av Jesus i konflikt med menneskerettighetene

Den gamle kjettaren Andreas Edwien er på ny ute og trakkar i kristendomssalaten her i landet…

Av Jan Nyberg, Dag og Tid, 10.07.1979

Denne gongen med boka «Jesus i konflikt med menneskerettighetene». Trass i at Edwien er blitt kjend som ein av dei skarpaste kristendomskritikarane i Norden, og med fleire kristendomskritiske bøker bak seg, ser det ikkje ut som han vert teken alvorleg i kyrkjelege krinsar. Hans gjenteke spørsmål til teologane år etter år, er såleis blitt møtt med ein mur av tagnad.

Spørsmåla  som blir stilde denne gongen er korvidt den historiske Jesus bør vere eit ideal for vår kultur og omgang med andre menneske. Svaret er eit definitivt nei. Dette er i første rekkje ikkje ein kritikk av Jesus som historisk vesen, men ein kritikk mot dei kristne kyrkjene som i følgje Edwlen har drege Jesus opp fra grava og trekt han med seg gjennom tjue hundreår, og plassert han midt i vår eiga tid med krav om underkasting under hans autoritet. Altså ein kritikk som i første rekkje går på dyrkinga av Jesusskapnaden.

Og kvifor bør ikkje Jesus vere noko ideal for vår tid? Ifølgje Edwien fordi han på vesentlege punkt var i konflikt med menneskerettane gjennom sitt menneskesyn og samfunnssyn. Jesu menneskesyn som er tufta på ein sjelelig rasisme, som skil menneska i gode og onde, er i strid med prinsippet om at alle menneske har lik verdi og føresetnader. Han stiller religiøse, ideologiske vilkår for dei fattige og underlegne sin oppreisnad. Dette strid mot at alle, her og no – ikkje i  eit hinsidig rike – skal ta del i materielle, sosiale og kulturelle gode.

Jesu godkjenning av slaveriet ved ikkje a ta avstand fra slavelovene, samstundes som han innskjerpa Moselova, er heller ikkje sameinleg med prinsippet om at alle er fødde frie med samme menneskeverd og menneskerett. Vidare vert Jesus  presentert  som  undertrykkjar av kvinnene gjennom sin utprega mannsteologi og framstilling av guden som ein mannsprson. Han tok heller ikkje til orde for likestilling mellom kjønna.

Ved å ta avstand frå religionsfridom, tankefridom, meinings- og ytringsfridom gjennom å proklamere  straff  for avvikande livssyn og meiningar, kjem Jesus på ny i konflikt med Menneskerettane.

Samfunnsidealet åt Jesus var diktaturet, med seg sjølv som diktator og med kveget sin lydnad overfor gjetaren som føredøme på folket si underkasting. Også dette i strid med tankane om demokrati.

Jesu forkynning om opprettinga av ein domstol der han sjølv er dommar og der han dømmer etter lover han sjølv har gjeve, går vanskeleg an å sameine med prinsippa for retts­ samfunnet. Som straffereaksjonar mot oppfa tningar han ikkje godtok, talte Jesus for langvarig og grov tortur. Dette går mot Menneskerettane sitt forbod mot tortur og grusom avstraffing.

I Menneskerettane hetter det at alle menneske skal ha rett til ei undervisning som styrkjer respekta for menneskerettane og fremjer forståing, toleranse og venskap mellom ulike nasjonar, rasegrupper og religiøse grupper. Jesu spådom om krig på jorda så lenge den varer, med frelse til sist berre for hans utvalde, og undergang for resten av menneskeslekta, passar lite overeins med dette. På grunnlag av dette hevdar Edwien at alle skulelover som byggjer på konfesjonell kristendomsundervising  med indoktrinering  av born til å tru på, og dyrking av Jesus som autoritet og ideal, som frelsar og Guds son, er klart uforeinleg med FN sine erklæringar om menneskerettane.

Det er såleis harde skyts Edwien rettar mot kristendommen, og den autoritær og totalitære ideologi denne er bygd på. For dei som måtte undre seg over korleis ein Stalin og ein Hitler kunne oppstå i eit kristent Europa, meiner Edwien nettopp å kunne finne svaret her. Dei var bare ektefødde born av krisndommen med all sin autoritære og totalitære ideologi. På same måte peikar Edwien på den kjensgjerninga at ingen av Jorda sine store kultursamfunn i dag står farlegare splitta enn nettopp den kristne verda. Folket her er blitt verdshistoria sine verste imperialistar og militaristar. Edwien ser aust-vest konflikten som ein kald religionskrig mellom det kristne Vesten og det ateistiske Aust­ Europa. Oppslutnaden om og motstanden mot kristendommen skaper striden. Med andre ord, Jesuskulturen er eit trugsmål mot verdsfred og internasjonalt samarbeid.

Når slike argument ikkje blir tekne alvorleg i ein livssynsdebatt  kan det kanskje sporast attende tll haldninga hos mange teologar. Denne går kort og greit ut på at du skal ikkje seie at Jesus tok feil. Når så halvparten av det norske folket ikkje trur på fundamentale kristne dogmer, kan det tyde på at kyrkja har distansert seg frå røyndomen. Istaden for å diskutere felles etiske normer for samfunet, synest kyrkja å vere meir oppteken av å omskape og tilpasse den historiske Jesus til dagens samfunnsideal. Alt etter trang.

Dette kan neppe tene verken kyrkja eller resten av samfunnet.

En kommentar på “Omtale av Jesus i konflikt med menneskerettighetene

  1. Teksten virker for meg mer som en hyllest av Jesus, spesielt mtp. at forfatteren, med eller uten overlegg, tolker Jesus sine ord på en så krampeaktig og tendensiøst. Det mangler liksom bare at Jesus burde fått straff for å drive ulovlig matdistribusjon av fem fisker og to brød.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *